Søfteland barnehage er ein kommunal barnehage som opna i 1981.
Barnehagen har 46 barnehageplassar for barn i alderen 1-6 år.
10 av plassane er for barn under 3 år.
Barnehagen ligg i eit bustadområde / byggjefelt. Vi har ein stor uteleikeplass med ulike leikeapparat og sandkasse.
Bak barnehagen har vi eit skogområde der foreldrerådet har laga til grillplass med benker og gapahuk.
Vi har også ein fotballbane og akebakke like utanfor barnehage-området.
Det er fine skogsområde i gangavstand frå barnehagen, og vi nyttar området ved Vindalsvatnet og Oselvo.
Barnehagen er ei sjølvstyrt eining i Os kommune med styrar som einingsleiar.