I tillegg til ulike tema og tradisjonar gjennom barnehage året har vi i år to satsingsområde . Det er område som vi arbeidar spesielt med.
I barnehageåret 2009-2010 skal vi ha spesielt fokus på :
1. ”De utrolige årene”.
Nokre av dei tilsette i barnehagen har vore på 6 kurs samlingar i regi av Os PPT .Innhaldet i desse samlingane har vore arbeidsmetodar for personalet , og vi skal no arbeide med det i heile personalgruppa på personalmøte og i gjennom barnehage dagen.
Fokuset er å rose barna og kommentere det positive – det vi ønskjer meir av.
Dette gjer vi gjennom :
”Skildrande kommentarar”.
”No såg det ut som om de hadde ein kjekk leik her i sandkassen”.
Vi gjev konkret tilbakemelding og skildrar det vi ser for å bevisstgjere barna. .
Vi nyttar ikkje ordet ”flink” , men roser på ein skildrande måte.
Andre eks : ”Så flott at du klarte å ta på skoa dine”. ”Så flott at du et maten din nå”.
”Nabo-ros”.
”Så flott at du kom nå når eg sa det”.
Så flott at du sitt i ro på stolen din og spisar skiva din”.
Dette ser vi har effekt !
Barna reagerer ofte med å gjere det same som naboen –då må vi vere raske å kommentere det barnet også!
”Nonverbale teikn”.
F.eks. tommel opp. Det er ros, utan å seie noko , t.d. i samlingsstund.
”Vere i forkant av situasjonen”.
Når barna ønskjer å bestemme kan det lett oppstå ein konflikt, men når dei vaksne er tydelige i forkant av situasjonen og skisserer kva som skal skje og kva rammer som gjeld, minskar tal konfliktar .
T.d. - Vi kan gje 2 val :
”Du skal ha lue på ute, vil du ha den eller den?”
”Vi skal gå inn til frukt, vil du gå sjølv eller skal eg leie deg?”
MEN : Ikkje gje barnet eit val om noko som barnet skal – t.d :
”Skal vi gå inn / heim no?”
”Skal vi bytte bleie no?”
”Vil du leggje deg no?”
Vi øvde oss undervegs i kurssamlingane. Vi såg god effekt av bruken av disse metodane.
Dette er begynt å komme ”innunder huda” på oss no. Kurshaldarane har vore i barnehagen og rettleia oss , og dei har gjeve gitt oss gode tilbakemeldingar.
2. Torbjørn Egner
Vi skal ta for oss ulike bøker og songar av Torbjørn Egner og arbeide med det på avdelingane.
Dette blir gjort gjennom samlingsstunder , dramatisering, formingsaktivitetar , film osb.
Vi vil også fokusere på : Kven var Torbjørn Egner ? (bilete) og litt historie.
Vi vil arbeide med temaet ulikt frå avdeling til avdeling, og tilpasse det etter alder.